Sider frå Sogn

I Sogn har fruktdyrking og siderproduksjon lange tradisjonar. Her gir klimaet, jordsmonnet og landskapet langs fjorden råvarene optimale vilkår for å utvikle frisk syre, naturleg sødme og tydeleg aroma.

Sider frå Sogn er laga av eple, bær og anna frukt dyrka i Sogn. Sideren skal lagas av gjæra most, utan tilsetjing av vatn eller ekstern alkohol, og kan vere både stille og sprudlande. Fargen varierer frå lys strågul til djup ravgul, og frå lys til mørk rosa, avhengig av epletype og stil. Smaken er kjenneteikna av høg intensitet, frisk eplesyre og rik aroma, forma av råvarer dyrka i Sogn og lokal kunnskap bygd opp gjennom generasjonar.

Ei lang historie med frukt og sider

Sogn er rekna som eitt av dei eldste fruktområda i landet. Allereie på 1100-talet finn vi skriftlege kjelder som omtalar frukthagar i regionen, og det er dokumentert produksjon av fruktbasert drikke heilt tilbake til mellomalderen. Fleire kjelder tyder på at fruktdyrkinga vart profesjonalisert under Håkon Håkonsson og spreidd av kongens menn under den norske stordomstida frå 1200-talet.

Moderne eplesiderproduksjon starta opp med Henjatunet og Balholm rundt 1995, og sidan den gong har siderprodusentar frå Sogn fått ei rekkje nasjonale og internasjonale utmerkingar. Gjennom hundreåra har bønder og fruktdyrkarar i Sogn bygd opp brei kunnskap om fruktsortar, dyrking og foredling. Denne lange tradisjonen, saman med eit stort mangfald av frukt og bær kjem i dag til uttrykk i ein variert siderproduksjon med med ei tydeleg inndeling i ulike sidertypar.

Beskytta geografisk nemning: Ein garanti for opphav og kvalitet

Sider frå Sogn har fått Beskytta geografisk nemning, ei offisiell ordning som sikrar at sideren faktisk kjem frå Sogn og er laga etter fastsette krav til råvarer, produksjon og kvalitet.

Merket gir tryggleik for deg som forbrukar: Når du vel Sider frå Sogn, vel du eit produkt der smaken har ein dokumentert samanheng med naturen, klimaet og handverket i regionen. Samstundes bidreg ordninga til å ta vare på lokal kunnskap, tradisjonar og eit levande kulturlandskap.

Merket er ei garanti for at:

  • råvarene kjem frå Sogn
  • produksjonen skjer i Sogn
  • sideren følgjer strenge krav til råvarer, produksjonsprosess og kvalitet

Fem ulike siderstilar – frå frisk til fyldig

Sider frå Sogn finst i fleire uttrykk, frå heilt tørre og friske siderar til søtare og meir komplekse variantar. Alle stilane er baserte på minimum 80% eple frå Sogn, men kan også innehalde bær, annan frukt eller botaniske plantedelar, innanfor fastsette kriteria.

Sider frå Sogn blir delt inn i fem undertypar:

  • Syrefrisk stil
  • Tanninhaldig stil
  • Sider med bær og frukt
  • Botanisk stil
  • Dessertsider

Felles for alle er ein frisk smak og tydeleg eplekarakter.

Sider frå Sogn
Ølmheim Siderhage

Strenge krav for Sider frå Sogn

For å kunne bruke namnet Sider frå Sogn, må sideren oppfylle ei rekkje krav, slik dei er fastsette i regelverket og omtala i Lovdata. Krava regulerer mellom anna geografisk opphav, råvarer, produksjonsmetode, kvalitet og merking:

  • Geografisk område: Produksjon av råvarene frukt og bær og produksjon av Sider frå Sogn skal skje i Sogn. Sogn omfattar kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland.
  • Råvarer: Sideren skal vere produsert av gjæra most, utan tilsetjing av vatn eller ekstern alkohol.
  • Kvalitet: Epla skal vere fullmogne, reine og ha minimum 10 Brix sukkerinnhald.
  • Produksjonsmetode: Råvarene skal vere fullmogne og reine og vere fri for roteskade og mugg ved mottak. All sider skal gjennomgå kontrollert gjæring, med fokus på rein smak og stabil kvalitet.
  • Analyse: Ferdig sider blir analysert for alkoholprosent, restsukker og syrenivå ved akkreditert laboratorium.
  • Merking: Sider frå Sogn / Cider frå Sogn skal merkast med siderstil og restsukker, og kan merkast med teksten og figurmerket for Beskytta geografisk nemning.

Desse krava sikrar eit kvalitetsprodukt, frå frukthage til flaske.

Sider frå Sogn
Ølmheim Siderhage

Verdien av ei Beskytta geografisk nemning

Merket for Beskytta geografisk nemning sikrar at Sider frå Sogn er eit produkt med dokumentert opphav, kvalitet, verna produksjonsmetode og tydeleg lokal identitet. Det handlar om å ta vare på kunnskapen og historia som ligg til grunn for siderproduksjonen i regionen – og om å vidareføre ein levande tradisjon som har utvikla seg over tid, til glede for både dagens og framtidige generasjonar.

Sogn er eitt av dei nordlegaste områda i verda med kommersiell fruktdyrking. Samstundes gir klimaet i dei indre delane av regionen varme somrar, kjølege netter og lang modningstid. Morenejord, bratt terreng og fjordlandskap gir råvarer med optimalt fruktsukker, frisk syre, tydeleg sortsaroma og god fargeutvikling. Dette gir ein sider som er kjenneteikna av rik aroma, middels til frisk eplesyre og høg smaksintensitet.

Sider frå Sogn

Sogn Frukt- og Siderlaug

  • Kontaktperson

    Endre Kleiveland

  • Telefon


    +47 414 08 558

  • Adresse

     Norafjordvegen 977, 6859 Slinda

Mer om norsk mat og drikke

Se alle godkjente produkter