Under fagseminaret «Matnasjonen Norge og auka bruk av norske råvarer» i Berlin i dag vart Sider frå Sogn tildelt merket Beskytta geografisk nemning. Tildelinga gir sideren eit offisielt vern og ei tydeleg stadfesting av opphav, kvalitet og særpreg.

– Sider frå Sogn har både kvalitet og eit tydeleg særpreg. Norsk siderproduksjon er ein suksess, og i dag får Sider frå Sogn status som Beskytta geografisk nemning. Denne ordninga sikrar opphav, kvalitet og særpreg for norske matskattar, og gjer det enklare å velje rett, seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Hanne-Berit Brekken.
Vernar opphav og særpreg
Beskytta geografisk nemning er ei offentleg merkeordning som skal verne produkt med sterk tilknyting til eit geografisk område. Ordninga gir forbrukarane ei tryggleik for at produktet kjem frå rett stad og er produsert etter fastsette krav. Internasjonalt kan ho samanliknast med ordningar som vernar mellom anna Champagne og Parmaskinke.
Stor anerkjenning for regionen
Sider frå Sogn byggjer på lange tradisjonar, moderne fagkunnskap og råvarer med særpreg. Produksjonen er knytt til regionen, og naturgjevne tilhøve som klima, fjordlandskap og jordsmonn gir sideren sin karakter.
Åge Eitungjerde, dagleg leiar i Balholm og leiar i siderprodusentane sitt laug i Sogn, har vore tett involvert i søknadsarbeidet.
– Dette betyr mykje, ikkje minst for stoltheita i Sogn. Nå legger vi til nok eit viktig blad i historia om fruktdyrking i Sogn. Det vil få mange ringverknader, seier Eitungjerde.
Anne Mette Johnsen, administrerande direktør i Stiftelsen Norsk Mat, understrekar kor viktig anerkjenninga er for produsentane og for norsk drikkekultur:
– Dette er ein stor dag for norsk drikke og for dei dedikerte frukt- og siderprodusentane i Sogn. Sider frå Sogn har på kort tid markert seg som noko av det mest spennande vi har i norsk drikkekultur, og tildelinga av Beskytta geografisk nemning gir produktet den autentisiteten og kvalitetsgarantien forbrukarane set pris på. Denne anerkjenninga løfter både stoltheit, tradisjon og det unike handverket som skaper ein av våre mest særprega siderregionar.
Del av Matnasjonen Norge
Tildelinga vart gjort i samband med fagseminaret i regi av Landbruks- og matdepartementet under mat- og reiselivsmessa Grüne Woche, der programmet opna med utdeling av Beskytta nemningar.
Stiftelsen Norsk Mat forvaltar merkeordninga Beskytta nemningar, og arbeider for tydeleg og truverdig merking av norske mat- og drikkeprodukt med dokumentert opphav og kvalitet.
