Villsau frå Norskekysten
- ei beskytta geografisk nemning
Sist oppdatert 24.11.2010
Villsau frå Norskekysten er nemninga på kjøtt av sauerasen Gammalnorsk sau som har beita ute langs kysten heile året. Kjøttet får sitt særpreg frå kombinasjonen mellom rase, driftsform og beiteforholda langs kysten.
Gamalnorsk sau er truleg den siste rest av den opphavlege norske/europeiske landrasen, og var den dominerande rasen i Noreg heilt fram til slutten av 1800-talet. Sauerasen er kjent under mange namn som t.d. villsau og utegangarsau. Sauen er liten og lett, sprek og robust og er godt tilpassa dei harde kåra og naturforholda på kysten, mellom annan kan han som eit av få husdyr grava seg ned i snøen og få tak i lyngen også om vinteren. Hovudføda til sauen om vinteren er lyng, elles et han mellom anna gras, einer, tang og tare.
Driftsforma med utegang heile året har tradisjonar tilbake til vikingtida. Klimaet og vegetasjonen på store delar av norskekysten er slik at det er mogleg å halde ved lag den naturlege driftsforma og beitegrunnlaget. Kystlynghei er ein særmerkt landskapstype langs den ytre kyststripa på norskekysten. Sidan den er vintergrøn og har brukbar næringsverdi om vinteren, egnar den seg som vinterbeite.
Sauerasen var nær ved å døy ut fleire gonger. Det er berre i Austevoll i Hordaland at den opphavlege stammen av Gammalnorsk sau har overlevd heilt fram til vår tid. Men både på 1950- talet og 1980-talet måtte det redningsaksjonar til for at sauen skulle overleve. All sau av rasen Gammalnorsk sau i Noreg i dag stammar frå Austevoll.






